• image
  • image
  • image
  • image
  • image
Previous Next

Grende

hagaranden

(Av Einar Hårstad)

 

Nordherad er grenda på nordsida av Vågåvatnet, mellom Vågåmo, grensa til nabokommunen Lom og Finna elv, eit område på om lag  65 km2.

Det bur i dag vel 90 husstandar med om lag 245 personar i Nordherad, og folketalet aukar.

Omtrent midt i lia ligg grendehuset Midtli som Nordherad Grendalag eig og driv. Grendalaget arrangerer mange sosiale aktivitetar året rundt. Saman med Jultuln 4H har Grendalaget også  renovert den gamle og idylliske festplassen og badeplassen Tjønnflaten.

Det er mange gamle og fine gardstun i Nordherad. 6 gardsanlegg og 38 bygningar er freda. Fleire av desse gardane tilbyr gardsturisme. Sjå eigne linkar til desse gardane.

Kulturlandskapet i Nordherad har internasjonalt verdi. Vegetasjonen i dei tørre og kalkrike bakkene her er eineståande i Nord-Europa. Nordherad har også fleire spesielle kulturminne, blant anna ei intakt ulvegrav. Denne ligg i tilknyting til ein innhaldsrik natur- og kulturstig. Det er eit god skilta nett av familievennlige turstigar i heile grenda frå kommunesenteret Vågåmo til grensa mot Lom. Aktuelle turmål kan vera setergrenda Nistingen og gamle buplassar som vitar om den store arbeidsinnsatsen mange la ned for å brødfø seg og sine for nokre hundre år sidan. Ein kan også gå opp på den høgaste fjelltoppen i området, Skaihøa. Frå der skal ein kunne sjå sju prestegjeld, seks nasjonalparkar og ei av Europas største samling av ”bågåstøer” og andre fangstanlegg for villrein.