topp photogalleri

Refotografering av Nordherad - Oskar Puschmann

sande 110608 007(Av Einar Hårstad)

Til sommaren kjem Oskar Puschmann til Nordherad for å «refotografere» kulturlandskapet med utgangspunkt i gamle fotografi frå grenda. Han var med på eit møte på Midtli for nokre år sidan der han viste bilde og fortalde om endringane i landskapet andre stader i landet.  Til refotograferinga i Nordherad ønskjer Puschmann seg gamle og ikkje fullt så gamle landskapsfotografi, slik at han kan dokumentere endringane i kulturlandskapet her.  Viss de har fotografi som de meiner kan passe til formålet, kan de ta kontakt  med Einar Hårstad eller nokon annan i styret for Nordheradsprosjektet.