topp photogalleri

Fotokveld på Midtli

Image00008(Av Einar Hårstad)

Oskar Puscmann frå Skog og Lanskap reiser rundt og fotograferer norske landskap med utgangspunkt i gamle bilde. Til sommaren kjem han til Nordherad. Vi treng derfor landskapsbilde frå grenda, både gamle og nyare. Det vil seia bilde både frå 1800-talet og bilde får 1990-talet. Det kan gjerne vera med folk bilda, men dei må vise landskap.

Vågå Historielag og Nordheradsprosjektet ber alle som har slike bilde frå Nordherad om å ta dei med seg og koma til

  • Midtli
  • torsdag 20. mars
  • kl 19:00

Der vil vi registrere og skanne bilda. Enkel servering.