topp photogalleri

Jutul'n 4H med nytt klubbrom i Midtli

Nordherad 110420 Lindalen 042Medlemmene i Jutuln har arbeidd hardt dette året. I sommar var dei med på å vøle ulvegrava, slik at det den kan synast fram for framandfolk att. Mange av medlemmene har hatt klubbrom på Midtli som fellesprosjekt. Nesten alle tysdagar i haust har dei rydda, snekra og måla golv, vegger og tak i den gamle sløydsalen på Midtli for kunne bruke den som klubbrom. Kjøp av måling og materiale til klubbrommet har leita hardt på klubbkassa. Derfor var det mange blide «jutular» da dei fekk nyss i at Sparebankstiftelsen gav dei eit tilskot på kr 54.000 til klubbrommet. Tidlegare har dei fått kr 3.000 frå kommunen og materiale for ca. kr 1.500 frå Tessand Byggservice AS. Haustfesten er utsett til nyåret for å kunne ha haust-/vinterfesten i eige klubbrom.

Nytt styre i Jutuln frå 20. november 2015:

  • Leiar: Olav Hårstad
  • Nestleiar: Line Olsen
  • Kasserar: Brynhild Hidemstrædet
  • Sekretær: Hanna Dalen
  • Styremedlem: Martin Barlund
  • Styremedlem: Gjermund Valde Sletten
  • Varamedlem: Kjetil Visdal