• image
  • image
  • image
  • image
  • image
Previous Next

Nordheradsprosjektet

Image00012(Av Einar Hårstad)

Nordheradsprosjektet starta som eit bygdemobiliseringsprosjekt i 1999.

Hausten 2005 gjekk Nordheradsprosjektet over frå å vera eit prosjekt til eit permanent lag med eigne vedtekter og registrering i Frivillighetsregisteret.

I følgje formålsparagrafen skal Nordheradsprosjektet

  • arbeide for at kulturlandskap, kulturminne og kulturhistorie i Nordherad blir teke vare på.
  • stimulere til næringsutvikling i grenda basert på natur-, kultur og historiske ressursar som vi finn her.
  • leggje til rette for trivselsskapande tiltak.

Styret for Nordheradsprosjektet fungerer som bindledd mellom grunneigarane/grendefolket i Nordherad og Fylkesmannen i forvaltninga av ordninga med Utvald kulturlandskap.

Nordheradsprosjektet hadde ei stund seks arbeidsgrupper i aksjon. I dag er berre to av desse gruppene i aktiv drift. Den gruppa som det syner best etter er Stiggruppa. I 2010 fekk Stiggruppa kulturprisen for Vågå.

Den andre arbeidsgruppa er Flåtgruppa. Historielaget gav for nokre år sidan Nordheradsprosjektet disposisjonsrett til Flåten, eit tidlegare bygslingsbruk i statsallmenningen. Flåtgruppa vart da etablert. Den er i godt gang med å restaurere bygslingsbruket attende til ”fordums prakt”.

Nordheradsprosjektet har prøvd mange forskjellige arrangement/tiltak. Av desse kan nemnast:

Nordheringen:

I staden for å sende ut ”kjedelege” infoskriv, tok Bjørg Schultz på seg å vera redaktør for Nordheringen, som fungerte som talerøyr for alle lag i grenda. Den vart også sendt til nordheringar i ”eksil”.

Rydding og merking av stigane

i grenda, er nemnt. Det er også det mest synlege og resultatet av prosjektet. Kulturstigen Ulvestigen er mykje brukt.

Vi har hatt fleire interessante kulturhistoriske vandringar med eldre folk som historieformildarar.

Markdagar og grendekveldar med ulike tema med tilknyting til historie og utviklingsmoglegheiter og gode foredragshaldarar har trekt mykje folk.

Registrering og kopiering av gamle bilde frå grenda.

Ei eige Dokumentasjonsgruppe fekk grendefolket til å ta med seg ta med seg gamle bilde og koma til Midtli for å mimre og fortelja. Der vart bilda kopierte og registrerte. Mange av dei er forstørra og har vore stilte ut ved ulike arrangement på grendehuset Midtli.

Registrering av kulturminne:

Ein av dei gamle arbeidarane frå det største skiferbrotet i grenda begynte å registrere kulturminne knytt til vatning, steinbrot og fangst. Dette arbeidet er vidareført i fleire etappar og er tilgjengeleg i fleire hefte.

Fleire studieturar: Til Heidal, Stølsvidda i Valdres, Grimsdalen, Aurland, Sør-Tirol og Vangrøftdalen/Kjurrudalen og Vingelen..

Utstillingar. Prosjektet har arrangert fleire utstillingar: Eit par om Jo Visdal og ei krigsbildeutstilling og ei med produkt av lokale handverkarar.

Cd med Nordherad i folkemusikken er kanskje i grenseland som ”kulturlandskapstiltak”.

Nordheradshelger med aktivitetar, utstillingar og konsertar rundt i grenda og på ulike gardar  har vi hatt tre gonger i samarbeid med Nordherad Grendelag og ein gong  saman med Kulturminnefondet.

Heimesida for Nordherad.

Nordheradsguiden er ei bosjyre for tilreisande til grenda.

Heile tida har trivnaden vore like viktig som sjølve tiltaka.

I 2009 fekk Nordheradsprosjektet den nasjonale kulturlandskapsprisen frå Norsk Kulturarv. Det var ei påskjønning til heile grenda.

Nordherad vart i 2009 med blant Utvalde kulturlandskap (22 område frå 2012) som LMD og MD i overskueleg framtid skal løyve pengar for å halde i hevd/restaurere. Dei som ønskjer det inngår avtaler med Fylkesmannen om restaurering og skjøtsel av verdifull kulturmark, gamle hus, kulturminne eller liknande og får tilskot frå midlane til Utvald kulturlandskap til dette. Alle desse avtalene er friviljuge og grunneigarane kan trekkje seg ut når som helst, men får da ikkje meir tilskot frå ordninga. I utgangspunktet  4-årige avtaler. Desse avtalene er baserte på skjøtselsplanar som oppfyller kravet til miljøplan 2. Dei skal såleis dekkje heile garden. Kan likevel seiast opp når som helst.

Svært dyre og omfattande tiltak er finansierte som eit spleiselag mellom UKL, SMIL og Kulturminnefondet.

Det er god oppslutning om Utvald kulturlandskap i Nordherad, og dei fleste av eigedommane har nå på gang tiltak innanfor denne ordninga.