Nordheradprosjektet
Nordheradprosjektet starta opp våren 1999 som eit bygdemobilseringsprosjekt for å få i gang miljø- og kulturlandskapstiltak i grenda. Kulturlandskapstiltaka har vore mange og varierte, men trivselen har heile tida vore viktigast, både i tilknyting til sjølve dugnadsarbeidet og resultatet i marka.

 

Hausten 2005 gjekk Nordheradsprosjektet over frå å vera eit prosjekt til eit permanent lag med eigne vedtekter. I følgje formålsparagrafen skal Nordheradsprosjektet
1. arbeide for at kulturlandskap, kulturminne og kulturhistorie i Nordherad blir teke vare på.
2. stimulere til næringsutvikling i grenda basert på natur-, kultur og historiske ressursar som vi finn her.
3. leggje til rette for trivselsskapande tiltak.
Organisering:
Dugnadsgruppene gjer det meste av arbeidet i marka. Ei tid var seks dugnadsgrupper med vel 30 personar i aksjon. Nå er det tre faste grupper: Stiggruppa, Flåtgruppa og Nasjonalparkgruppa.

Stiggruppa har vore med frå starten og har gjort eit formidabelt arbeid med å rydde og skilte stigar og gamle vegar.

Flåtgruppa vart etablert for å restaurere bygslingsbruket Flåten.

Nasjonalparkgruppa har ansvaret for å følgje opp samarbeidet med Nasjonalparkriket. I praksis vil det seia å gjera grenda meir attraktiv og tilgjengeleg for framandfolk.

Eit godt samarbeid med Vågå kommune, fylkesinstansane og Nasjonalparkriket har vore viktig.


Litt om dei viktigaste tiltaka:

Nordheringen:
God informasjon er viktig. Grendebladet Nordheringen fungerer som talerøyr for alle lag i grenda. Den blir også sendt til nordheringar i "eksil". Bjørg Schultz er redaktør

Rydding og merking av stigane i grenda er det mest synlege og resultatet av prosjektet. Ulvestigen (kulturstigen) er etterkvart vel kjend.

Kulturhistoriske vandringar med eldre folk som historieformildarar har vore populært.

Grendekveldar med ulike tema med tilknyting til historie og utviklingsmoglegheiter og gode foredragshaldarar har trekt mykje folk.

Registrering og kopiering av gamle bilde frå grenda:
Ei eige dokumentasjonsgruppe fekk grendefolket til å ta med seg ta med seg gamle bilde og koma til Midtli for å mimre og fortelja. Der vart bilda kopierte og registrerte. Mange av dei er forstørra og stilt ut ved ulike arrangement på Midtli.

Registrering av kulturminna:
Nokre ivrige karar registrerte kulturminne knytt til vatning, steinbrot og fangst. Dette stoffet er offentleggjort i heftet "Kulturminneregistrering i Nordherad".
Dette arbeidet er vidareført ved å registrere og systematisere andre kulturminne og gamle tomter/buplassar og dokumentasjon i to hefte.

Studieturar: Heidal, Grimsdalen, Stølsvidda i Valdres og Aurland.
Vi har gjennomført eit vertskapskurs for å førebu oss på vertskapsrolla.

Utstillingar. Prosjektet har arrangert to utstillingar om Jo Visdal og vore medarrangør for ei krigsbildeutstilling med Kjell Andersen.

Cd med Nordherad i folkemusikken med Ola Grøsland som produsent er det nyaste "kulturlandskapstiltaket".

Sankthanskonsert på Tjønnflaten med Reidar Svare var "veondele"!


Planar framover:
Vi vil halde fram med dei tiltaka vi alt prøvd, men i tillegg vil vi prøve å lokke fleire turistar og andre framandfolk til grenda Til våren skal vi følgje opp med eit guidekurs for å skolere oss i lokalkunnskap og formidlingsevne.

Vi trur at vi på nokre år skal greie å få til ein kombinasjon av aktivitets- og overnattingstilbod som gjer grenda vår enda meir attraktiv både for bygdefolk og tilreisande.


Kulturlandskapet Nordherad har internasjonal verdi
Dei siste åra har Oppland fylkeskommune og Fylkesmannen gjennomført omfattande kartleggingsarbeid i nokre utvalde område med kulturlandskap av nasjonal verdi, deriblant Nordherad. Rapportane konkluderer med at kulturlandskapet Nordherad har internasjonal verdi pga av biologisk mangfald.




Dugnad på Flåten Skriv ut E-post

Dugnad på Flåten 2. dag pins. Da ska oss kjøre oppover at stugu som ha vore på Dovre å vorte restaurert.
Treng mange te å væra med å gjera ein innsats her.
Oppmøte på Næbbneshaugen fra 0900 og utover. Ta med hammer, brekkjern, sag, arbeidslyst og godt humør.

 
Årsmøte i Nordheradprosjektet 2010 Skriv ut E-post

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR NORDHERADSPROSJEKTET

Årsmøtet blir halde på Midtli onsdag 24. februar kl 19.00.

Alle som bur i Nordherad og som er interesserte i kulturlandskapet, kulturminna og kulturhistoria i grenda, kan veljast inn i styret i Nordheradsprosjektet og har tale- og stemmerett på årsmøtet.

Sakliste:

  • Godkjenning av innkalling og sakliste.
  • Val av møteleiar og skrivar.
  • Årsmelding.
  • Rekneskap.
  • Val av:

Styremedlemmer

Varamedlemmer

Revisor

Valnemnd

Styret

Årsmelding og rekneskap for Nordheradprosjektet 2009

Årsmelding for Flåt-gruppa 2009

Planar for Nordheradprosjektet 2010

 
Flåten Skriv ut E-post

I Nordherad vart det fyrst på 1800-talet bygd opp om lag 20 bruk i statsallmenninga, delvis midt i steinura. Desse bruka berga mange familiar gjennom ei trong tid. No er dei aller fleste av desse bruka fråflytta og står til nedfalls. Berre eitt av dei, Flåten, er i privat eige. Vågå Historielag fekk Flåten i gave fyrst på 80-talet og gjorde med ein gong eit stort arbeid for å redde stugu. Sidan har dessverre både hus og jordveg forfalle.

Historielaget har meir enn nok hus å halde i stand, og styret i laget såg seg om etter einkvan som kunne ta seg betre av Flåten. Styret i Nordheradsprosjektet sa seg interessert. Hausten 2005 skreiv derfor desse to laga under ei avtale som inneber at Nordheradsprosjektet overtek disposisjonsretten over bruket, medan Historielaget framleis er eigar.

Styret for Nordheradsprosjektet har sett seg som mål å restaurere Flåten attende til opphavleg stand. Det gjeld både hus og jordveg. Tanken er å bruke Flåten som ein samlingsplass i grenda, som ei ope ”sjølvstells-hytte” i tilknyting til turstigane i området. Flåten bør også kunne brukast i undervisningssamanheng.

Det er eit stort arbeid å restaurere Flåten. Styret for Nordheradsprosjektet har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal styre det praktiske arbeidet. Jo Kåre Bakke er leiar for denne gruppa. Dei har førebels sett opp delmål som kan fullførast innafor ein 5-årsperiode. Mykje vil bli gjort med dugnad, men mykje må òg utførast av fagfolk.

Hittil har Flåtgruppa rydda jordet, vølt aurbua under stabburet og sikra taket over vasskjelda i Flåten. ”Næmingane” ved Senter for Bygdekultur  restaurerer stugu.