|
Når du har stansa bilen i Nordherad og tatt på deg tursko ligg moglegheitene på rekke og rad. Du kan gå ein 20 minutts tur for å strekke på beina og få frisk luft, du kan gå fleire dagar innover i fjellet om du planlegg litt, men aller flest moglegheiter er det til å ta turar på frå ein times tid til ein dagstur med trivelig rast. Dei merka stigene i grenda går i eit fredelig område der du ikkje treng å gå i kø. Likevel er det heile tida kort veg ned til bilveg og buområda. Det verdifulle kulturlandskapet inneheld fleire sjeldne arter av planter og insekter. Det er ikkje uvanleg å sjå kongeørna sveve ut frå ei fjellhylle, og er du heldig kan du møte elg, hjort, rådyr og rein. I Nordherad er de i fleste hakkespettartene i Norge representert. Jerv og gaupe er sjeldan å sjå, men du kan kanskje sjå spor etter dei vinetrstid.
På sommaren kan du følgje dei merka råka eller gå dine eigne vegar etter kart og kompass.
Vinterstid er Nordherad eit flott område for deg som likar å sette ditt eige spor i urøyvd snø. Det er også fint å bruke truger, og da er det og mogleg å gå i det brattaste terrenget. Kva med ein trugetur i nysnø og måneskinn, for eksempel.
|
|
|
|