Nordherad kort oppsummert

Kort om Nordherad – utvald kulturlandskap i jordbruket
Nordherad er eit aktivt jordbruksområde i den sørvendte lia på nordsida av Vågåvatnet vest for
Vågåmo, godt synleg frå riksveg 15 på sørsida av vatnet. Hovudgrenda strekker seg frå 362 moh.
(vassflata) og opp til drygt 700 moh. Gardsbruka ligg i hovudsak fordelt på to ”etasjar”, den eine ned
mot vatnet og den andre opp mot utmarka. Mellom desse to nivåa er det bratte lier med beitemark
og skog. På ca. 900 moh. ligg dei to setergrendene Nørdre og Søndre Nistingen.
Totalarealet er ca. 21 kvadratkilometer, og av dette er 3000 daa dyrka mark og 2500 daa
innmarksbeite, fordelt på 58 landbrukseigedommar. Om lag 60 % av jordbrukseigedommane er i
sjølvstendig drift, og om lag 2/3 av desse har grovforetande husdyr.
Bygda er i aktiv drift, basert på eit variert husdyrhald. Bruksstorleik, terreng og berggrunn gjør det til
dels krevjande å drive rasjonelt jordbruk. Mye av den dyrka jorda ligg likevel i relativt store og godt
arronderte teigar. Beitebruken er avgjørande for utnytting av areala, samtidig som ein del beiteareal
fordi dei er bratte, berg- og tørrlendte og har liten biologisk produksjon er i mindre aktiv bruk. Ekstra
innsats og ressursar retta mot skjøtsel av kulturmark kan og støtte opp om utsette gardsbruk og
driftsmåtar.
Området har eit svært stort mangfald av ekstensiv og biologisk rik kulturmark i innmark og utmark.
Innanfor området er det ei veksling mellom bratte skråningar med beitebakker eller lauv-/furuskog,
og kupert og flatare terreng dominert av dyrka mark og gardstun. Landskapet er i stor grad ein
mosaikk av tørre «einerbakkar», hagemark, mindre lauv- og furuskogsområde og flatare område med
dyrka mark.
Den typiske og sjeldne tørketålande vegetasjonen i Nord-Gudbrandsdalen er spesielt velutvikla i
dette området, og karplante-/lavfloraen knytt til baserike tørrbakkar er karakterisert som
internasjonalt verneverdig. Det er påvist 80 område med spesielle naturverdiar fordelte på 9 ulike
naturtypar, svært høge tal for eit så avgrensa geografisk område. Det er særleg store naturverdiar
knytt til naturbeitemark.
Funn av steinøkser frå steinalderen vitner om at dei fyrste jordbrukarane valde å slå seg ned her alt
då, og det finst fem registrerte skålgropfelt. Gardsnamn og tre gravhaugar i området indikerer
nydyrking og auka busetting i jernalderen. Det er og kjent ei rekke funn frå jernalderen og
middelalderen. Ved Sygard Valle var det ein middelalderkyrkjegard og har sannsynlegvis stått ei
kyrkje.
Ein vesentleg del av kulturlandskapsverdiane i Nordherad knytter seg til det store volumet av
verneverdige landbruksbygningar. Det er mellom anna 38 freda bygningar fordelte på seks gardstun.
Dette er blant dei eldste og største gardane i området.Grenda har ei rekke flotte bygningsmiljø i form
av gardsanlegg, seteranlegg og rydningsplassar med hus frå 1700- og 1800-tallet. Karakteristisk for
området er at bygningane dannar tydelege tun i kulturlandskapet, og at det i tillegg til bustadhus
fortsatt er bevara mange mindre uthus med ulike funksjonar. Dei mange rydningsplassane i
statsallmenningen illustrerer dei store sosiale skilnadene i grenda. Det er og eksempel på
bureisingsbruk. Dei fleste bygningane er i lafta tømmer.

Tips andre:

Tips andre:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email