Illustrasjonsfoto. Trond Stensby

Møte om beiting med Nofence og turstigar gjennom hamnlykkjer

Onsdag 24. November kl. 19 på Midtli

Nordheradsprosjektet ber inn til ope møte om bruk av digitale gjerde (Nofence) til beitedyr. Nofence er nå lovleg å bruke både til småfe og storfe, og fleire gardbrukarar har brukt slike gjerde også her i bygda. Blant dei er Audun Heier, som i fleire år har brukt det på geit, og Jo Ivar Kleiven, som brukte Nofence på storfe sist sommar. Båe desse vil fortelja korleis dei fungerer og dele erfaringane sine på møtet. Bla. må vi vite om Nofence fungerer der det er dårleg mobildekning.

Stiggruppa ved Bjørg Schultz ønskjer å diskuterer omlegging av nokre stigar som går gjennom hamnlykkjer i grenda. 

Anna Bilstad og Kjersti Reksen frå Landbrukskontoret vil syne oss korleis vi skal søkje om tilskott til tiltak og levere rapportar til Utvald Kulturlandskap i søknadsportalen Agros.

Servering.

Mel møtt!

Helsing
Nordheradsprosjekt

Tips andre:

Tips andre:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email