Bakstrommet på Midtli er klart til bruk

Bakstrommet på Midtli er endeleg ferdig. Det er utstyrt med fire takker, to elektrisk hevbare bakstfjøler, kjevle og fløyger m.m. Det som ønskjer å bake noko der, kan ta kontakt med Live Hosar på tlf. 996 93 825.

Årsmøte i Nordherad Grendalag

Midtli

Årsmøtet blir halde på Midtli tysdag 10. mars 2020 kl. 19.00. Sakliste: Godkjenning av innkalling og sakliste. Val av møteleiar og skrivar. Godkjenning av årsmelding. Godkjenning av rekneskap. Aktivitetsplan og budsjettframlegg Innkomne saker Val Styret 2019 har vore slik samansett: Karin M. Bakke – leiar, på val Ola Grøsland – nestleiar, på val Tore A […]

Landskap og foto – 2. oktober på Midtli

Oskar Puscmann frå Skog og Lanskap reiser rundt og fotograferer norske landskap med utgangspunkt i gamle bilde. Han fotograferer frå same ståstaden og med same utsnitt av landskapet som den førre fotografen.  På denne måten dokumenterer Pushmann endringane i landskapet. I sommar refotograferte han Nordherad på denne måten.Fyrst i oktober kjem han att for å […]

Langløypa – offisiell opning

Stiggruppa i Nordheradsprosjektet har fullført merking og tilrettelegging av «Langløypa» frå Vågåmo til Trælvikje. Laurdag 20. september 2014 kl. 10:00 blir det offisiell opning av turstigen. Markeringa vi skje ved Trælvikje, ein snau kilometer frå grensa mot Lom. Turstigen er merka med gule merkje frå Trælvikje til Vågåmo (mot sola), og blåe merkje frå Vågåmo mot […]

Guida tur til fangstminne i Skaihø – sundag 17. august 2014

Sundag 17. august 2014 blir det guida tur til områda rundt Skaihø. Asle Heggheim har gjennom fleire år bidrege til kartlegging av fangstminne i Finndalen, og Heggheim vil vera guide og kåsør på turen. Turen går frå Finndalssætre. Felles avreise frå vegkrysset ved Resvoll i Nordherad kl. 10:00 – vi fyller opp bilane for å […]

Spørreundersøking: Produksjonsskjøkken på Midtli

Næring og nyskaping i Nordherad I regi av Nordheradprosjektet er  ei kjøkkengruppe i arbeid for å sjå på moglegheiter for å etablere godkjent produksjonskjøken på Midtli. Fordi; Produksjonskjøken kan være  samlingsplass for å dele kunnskap og glede rundt matlaging. Mat representerer ein kulturarv det er viktig å ta vare på!Produksjonskjøken for å produsere  mat for […]

Turkasser i Nordherad grendelag

Det blir plassert turkasser på følgjande stader: Flåten Søre Nistingen Morkahuken (gapahuken nord for Groven) Visdalshaugane Liaberget Ver gild og besøk kassene. Skriv du inn namn og dato, blir du med på ei trekning til hausten.

2014 – informasjon frå Nordheradsprosjektet

Det er tre samarbeidspartar i arbeidet med utvalde kulturlandskap i Nordherad: Fylkesmannen i Oppland Vågå kommune Nordheradsprosjektet. Det er no lagt ut informasjon om opplegget for 2014 her:   Informasjon_frå_Nordheradsprosjektet_2014.pdf

Det fyrste jordbruket i Nordherad…

– føredrag om resultat av pollenanalyse frå Kvarberg. onsdag 14. mai, kl. 19:00 på Midtli.   Mengda av pollen i djupe lag av myrjord fortel oss når korn, gras og andre vekster i jordbrukslandskapet fyrst dukka opp.Statsstipendiat Helge Irgens Høegh vil presentere resultat frå si pollenanalyse frå Nordherad.