Nordheradsprosjektet.

-Ei aktiv grend.

Om Nordherad

På nordsida av Vågåvatnet ligg grenda Nordherad med eit aktivt lags-og dugnadsmiljø, utvald kulturlandskap, nytt bustadfelt og aukande folketal.


Kulturlandskapet i Nordherad har internasjonal verdi. Vegetasjonen i dei tørre og kalkrike bakkene her er eineståande i Nord-Europa. Nordherad har også fleire spesielle kulturminne, blant anna ei intakt ulvegrav. Denne ligg i tilknyting til ein innhaldsrik natur og kulturstig. Det er eit godt merka nett av familievennlige turstigar i heile grenda frå kommunesenteret Vågåmo til grensa mot nabokommunen Lom.

Aktuelle turmål kan vera setergrenda nørdre Nistingen eller det fråflytta og nyrestaurerte bygslingsbruket Flåten, som vitnar om den store arbeidsinnsatsen mange la ned for å brødfø seg og sine for nokre hundre år sidan. Ein kan også gå opp på den høgaste fjelltoppen i området, Skaihøa. Frå der skal ein kunne sjå sju prestegjeld, tre nasjonalparkar og mange ”bågåstøer”, ei fangstinnretning for villreinen, rundt toppen.


Det er mange gamle fine gardstun i Nordherad. Seks gardstun er freda, heilt eller delvis. Fleire gardar tilbyr gardsturisme. Sjå linkar til desse gardane.


Nordherad Grendalag eig og driv grendehuset Midtli. Grendalaget arrangerer mange sosiale aktivitetar året rundt. Saman med Jultuln 4H, har Grendalaget og Nordheradsprosjektet pynta opp den gamle festplassen og badeplassen Tjønnflaten.


NORDHERADSPROSJEKTET

Nordheradsprosjektet er eit lag som vart stifta hausten 2005 som ei forlenging av eit

bygdemobiliserings-prosjekt (Områdetiltak i Nordherad1999-2005)

Formålet med laget er å:

  1. Å arbeide for at kulturlandskap, kulturminne og kulturhistorie i Nordherad blir teke vare på.

  2. Å stimulere til næringsutvikling i grenda basert på natur, kultur og historiske ressursar som vi finn i grenda.

  3. Å leggje til rette for trivselsskapande tiltak.


Alle som bur i Nordherad og som er interesserte i kulturlandskapet, kulturminna og kulturhistoria i grenda, kan veljast inn i styret i Nordheradsprosjektet og har tale- og stemmerett på årsmøtet.


Representantar frå styret i Nordheradsprosjektet er med i styringsgruppa for Utvald Kulturlandskap i Nordherad.


Flåtgruppa i Nordheradsprosjektet har restaurert og rekonstruert dei fleste husa på bygslingsbruket Flåten. Nordheradsprosjektet har, etter avtale med Vågå Historielag, disposisjonsretten til Flåten.


Stiggruppa har i lang tid rydda og merkt gamle veger og stigar i grenda ogsamarbeider nært med Nordheradsprosjektet.

Stiggruppa